BØ!
Onsdag 6.mai tok me turen til Bø i Telemark for å ha ei lita veke i lag med vår med-TT-student/ettåring Kristin Helgen Spernes. Då me kom fekk me ein god lunsj som Kristin hadde diska opp heime hjå seg, og etter på var det guida tur opp og ned Bø-gata med Kristin, den lokalkjente. Me vart og invitert heim til ungdomspresten, Ole Johan, og kona Kristin, på ein knall god middag. Tusen takk, det var veldig koseligt=) På kvelden var me med på Cafè Theo, ungdomskafèen i Bø. Der hadde me ein liten andakt, og etterpå hadde me Gul Bolle og litt sjonglering og sånn. Veldig kjekt!
Torsdag var det duka for møte hjå Normisjon i Bø. Det var eit ungdomsmøte for alle alderar, men det var nok mest av dei over 40. Men me kjørte på med eit av ungdomsmøtene våre, og dei som var der satte stor pris på at me kom på besøk til dei. Me var og så heldige at me vart invitert på god middag sjå Rune og Kristin Bøen. Dei hadde i tillegg opna heimen sin for guttane i teamet, som sov heime hjå dei mens me var i Bø, utruligt gjestfrie folk! Tusen takk=)
Helga var satt av til konfirmantleir på Knattholmen, Sandefjord. Og du og du for ein flott plass!! 45 konfirmantar og 6 ledarar = masse kjekt og god gang. Det var Ole Johan, Kristin og oss i Team i Veien som var ledarane, og me hadde mykje kjekt opplegg: leik og moro, teambuilding, seminarer, kveldssamlingar, bønnevandring, filmkveld, grublekveld, samtalegudstjenesteworkshop (28 bokstavar!), grilling av ledere (spørsmål og svar om tru og tvil) og grilling av mat=) I tillegg blei det mykje anna aktivitetar som fotball, volleyball, sjonglering, kortspeling, bading osv. Me vil bare takk for at me fekk lov til å vera med alle dere på tur, me hadde det utruligt kjekt, og det håper me at dere og hadde=) Masse lykke til mot slutten av konfirmanttida!=)


Reader Comments